Salmane 96 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Syng ein ny song for Herren!

1. Syng ein ny song for Herren,syng for han, all jorda!

2. Syng for Herren, ¬pris hans namn,forkynn frå dag til dag ¬hans frelse!

3. Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom,mellom alle folk ¬om hans under!

4. Ja, stor og høglova er Herren,meir ageleg enn alle gudar.

5. Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde.Det var Herren ¬som skapte himmelen.

6. Høgd og herlegdom ¬er framføre han,makt og glans i hans tempel.

7. Gjev Herren ære og makt,gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!

8. Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha!Kom med offergåver ¬til hans tempelgardar!

9. Bøy dykk ned for Herrenog tilbed han i heilagt skrud!Skjelv for hans åsyn, all jorda!

10. Sei mellom folka: ¬Herren er konge;ja, fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast.Han dømer folka med rettferd.

11. Himmelen skal gleda seg, ¬jorda skal jubla,havet og alt som er i det, ¬skal brusa.

12. Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla,kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.

13. Dei skal ropa for Herren, ¬han som kjem;han kjem og vil døma jorda.Han skal døma verda ¬med rettferdog folka med truskap.