Salmane 124 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vi får hjelp frå Herren

1. Ein song til festferdene. Av David. Hadde ikkje Herren ¬vore med oss– så skal Israel seia –

2. hadde ikkje Herren vore meddå menneske reiste seg ¬mot oss,

3. så hadde dei slukt oss levandedå deira vreide loga imot oss;

4. då hadde vatnet rive oss bortog flaumen skylt over oss,

5. då hadde dei veldige ¬vassmengdenekome veltande over oss.

6. Lova vere Herren,som ikkje gav oss til rov ¬for deira tenner!

7. Vi slapp fri som fuglenor fuglefangarens snare.Snara rivna, og vi slapp fri.

8. Vi har vår hjelp ¬i Herrens namn,Han som skapte himmel og jord.