Salmane 46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vår Gud han er så fast ei borg

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane.Etter Alamot. Ein song.

2. Gud er vår tilflukt ¬og vår styrke,han har hjelpt oss ¬i alle trengsler.

3. Difor reddast vi ikkje ¬om jorda skjek,om fjella ragar i havsens djup,

4. om bylgjene bryt og brusar,og fjella skjelv ¬i opprørt hav. Sela

5. Ei elv med fleire greiner ¬skaper glede i Guds by,der Den Høgste ¬har sin heilage bustad.

6. Han kan ikkje rikkast, ¬for Gud er der.Gud hjelper han ¬når morgonen renn.

7. Folkeslag brusa, rike vart rikka,røysta hans ljoma, ¬og jorda skalv.

8. Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss,Jakobs Gud ¬er vår faste borg. Sela

9. Kom og sjå ¬kva Herren har gjort,han som gjer skræmande ting ¬på jorda!

10. Han gjer ende på krig ¬over heile jorda,bryt bogane sund, ¬høgg spyda avog set eld på vognene.

11. Hald opp ¬og skjøn at eg er Gud!Eg er opphøgd over folkeslaga,opphøgd på jorda.

12. Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss,Jakobs Gud ¬er vår faste borg. Sela