Salmane 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kven kan gjesta Herrens hus?

1. Ein Davids-salme. Herre, kven kan gjesta ditt telt,kven får bu på ditt heilage fjell?

2. Den som gjer rett ¬og er heil i si ferdog ærleg i tanke og tale,

3. som ikkje brukar ¬si tunge til sladder,ikkje gjer vondt mot sin nesteog ikkje vanærar sin frende,

4. som ser med vanvørdnad ¬på den som er vraka,men ærar dei som ottast Herren,som held den eiden ¬han har svore,jamvel om det skader han sjølv,

5. som ikkje tek renter ¬når han låner ut pengar,og ikkje lèt seg kjøpatil skade for ein skuldfri.Den som lever så, ¬skal aldri rikkast.