Salmane 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Til Herren flyr eg

1. Til korleiaren. Av David.Til Herren flyr eg.Korleis kan de seia til meg:«Fly til fjells som ein fugl!

2. For sjå, ¬dei vonde spenner bogenog legg si pil på strengen;i mørkret vil dei skytapå dei som er ærlege av hjarta.

3. Når grunnvollen vert riven bort,kva kan då ¬den rettferdige gjera?»

4. Herren er i sitt heilage tempel,i himmelen har han ¬sin kongsstol.Hans augo skodar utover,han prøver menneska ¬med sitt blikk.

5. Herren ransakar ¬rettferdige og gudlause,han hatar dei som elskar vald.

6. Over dei vonde ¬lèt han det regnagloande kol og svovel,gloheit vind er den luten dei får.

7. Rettferdig er Herren, ¬han elskar rettferd;dei ærlege får sjå hans åsyn.