Salmane 103 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Mi sjel, lov Herren!

1. Av David.Mi sjel, lov Herren!Ja, alt som i meg er,skal lova hans heilage namn.

2. Mi sjel, lov Herren,gløym ikkje ¬alle hans velgjerningar!

3. Han tilgjev all di skuldog lækjer all din sjukdom.

4. Han friar ditt liv frå gravaog kronar deg ¬med godleik og miskunn.

5. Han fyller ditt liv ¬med det som godt er,og gjer deg ung att som ørna.

6. Herren grip inn og frelser,lèt alle som er trælka, ¬få sin rett.

7. Han kunngjorde sine vegar ¬for Moses,sine gjerningar for Israels folk.

8. Mild og nådig er Herren,langmodig og rik på miskunn.

9. Han kjem ikkje alltid ¬med klagemålog er ikkje evig harm.

10. Han gjer ikkje med oss ¬etter våre synderog løner oss ikkje ¬etter våre misgjerningar.

11. Så høg som himmelen ¬er over jorda,så stor er Herrens nådeover dei som ottast han.

12. Så langt som aust er frå vest,så langt tek han våre synder ¬bort frå oss.

13. Som ein far er miskunnsam ¬mot borna sine,er Herren miskunnsammot dei som ottast han.

14. For han veit korleis ¬vi er skapte,han kjem i hug at vi er støv.

15. Menneskelivet er som graset.Mennesket er som blomen ¬på marka.

16. Når vinden fer framom, ¬er han borte,staden han stod på, ¬veit ikkje meir av han.

17. Frå æve til æve ¬er Herrens miskunnover dei som ottast han.Hans rettferd når ¬til barneborn

18. når fedrane held hans paktog kjem i hug hans bod,så dei lever etter dei.

19. Herren har reist ¬sin kongsstol i himmelen,han rår som konge ¬over alle ting.

20. Lov Herren, de hans englar,de sterke heltar, ¬som set hans ord i verk,så snart de høyrer hans røyst.

21. Lov Herren, ¬alle hans hærskarar,de hans tenarar, ¬som gjer hans vilje!

22. Lov Herren, ¬heile hans skaparverk,på alle stader der han rår!Mi sjel, lov Herren!