Salmane 121 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren er din vaktar

1. Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til fjella:Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2. Mi hjelp kjem frå Herren,han som skapte himmel ¬og jord.

3. Han lèt ikkje foten din ¬vera ustø,din vaktar blundar ikkje.

4. Nei, han blundar ikkje ¬og søv ikkje,Israels vaktar.

5. Herren er din vaktar, ¬Herren er din skugge,han er ved di høgre hand.

6. Sola skal ikkje stikka deg ¬om dagenog månen ikkje skada deg ¬om natta.

7. Herren skal vara deg ¬frå alt vondtog verna om ditt liv.

8. Herren skal vara ¬din utgang og din inngangfrå no og til evig tid.