Salmane 127 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Alt er fåfengt utan Gud

1. Ein song til festferdene. Av Salomo. Dersom Herren ikkje ¬byggjer huset,arbeider bygningsmennene ¬til fånyttes.Dersom Herren ikkje ¬vaktar byen,vaker vaktmannen til fånyttes.

2. Fåfengt står de tidleg opp,fåfengt går de seint til bordsog et det brødet ¬de har slite for.Det same gjev han sine vener ¬medan dei søv.

3. Sjå, born er ei gåve frå Herren,livsfrukt er ei løn frå han.

4. Som piler i ei krigarhander søner ein får i sin ungdom.

5. Sæl er den mannsom fyller pilehuset sitt ¬med dei.Han treng ikkje skjemmastnår han talar mot fiendar ¬på tinget.