Salmane 130 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Frå djupet ropar eg til deg

1. Ein song til festferdene. Frå djupet ropar eg til deg, ¬Herre.

2. Herre, høyr mi røyst!Vend øyra til og høyrnår eg tryglar og bed.

3. Dersom du vil gøyma ¬på syndeskuld, Herre,kven kan då verta ståande?

4. Men hjå deg er tilgjeving;difor må vi ottast deg.

5. Eg ventar, ja vonar på Herren,eg ventar på hans ord.

6. Eg stundar etter Herrenmeir enn vaktmenn ¬etter morgonen,vaktmenn etter morgonen.

7. Venta på Herren, Israel!For hjå Herren er miskunn,hjå han er full utløysing.

8. Herren skal løysa ut Israelfrå alle deira synder.