Salmane 140 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Fri meg frå vonde menneske, Herre!

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Fri meg frå vonde menneske, ¬Herre,vern meg mot menn ¬som gjer vald!

3. Dei har vonde tankar i hjartaog eggjar dagleg til strid.

4. Dei har kvasse tunger ¬som ormar,under lippene har dei eiter. Sela

5. Vakta meg, Herre, ¬for nidings hand,vern meg mot menn ¬som gjer vald,og som gjerne vil få meg ¬til å snåva.

6. Stolte set dei snarer for meg,attmed vegen ¬spenner dei tog som garnog set feller for meg. Sela

7. Eg seier til Herren: ¬Du er min Gud,Herre, høyr mi inderlege bøn!

8. Herre Gud, min sterke frelsar,du vernar mitt hovud ¬på stridens dag.

9. Lat ikkje nidingen ¬få det han ynskjer,lat ikkje hans planar ¬lukkast, Herre! Sela

10. Dei som samlar seg kring meg, ¬lyfter hovudet.Lat det vonde dei talar om, ¬råka dei sjølve!

11. Lat det regna gloande kol ¬ned over dei,lat dei falla i djupe groper,så dei ikkje kjem opp.

12. Dei som talar vondt ¬om andre,skal ikkje få vera i landet.Valdsmenn skal jagast ¬av ulukkeog få slag på slag.

13. Eg veit at Herren ¬fører saka for dei armeog hjelper dei fattige ¬til deira rett.

14. Ja, dei rettferdige ¬prisar ditt namn,dei ærlege ¬får bu for ditt åsyn.