Salmane 80 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Reis oss opp att, Herre!

1. Til korleiaren. Etter «Liljene».Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.

2. Høyr oss, Israels hyrding,du som fører Josef som ¬ei hjord!Du som tronar over kjerubane,vis deg i stråleglans

3. for Efraim, Benjamin ¬og Manasse!Vekk di kraft ¬og kom oss til hjelp!

4. Reis oss opp att, Gud,lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

5. Herre, Allhærs Gud,kor lenge vil du la ¬din vreide rykamot folket ditt som bed til deg?

6. Gråt er brødet du gjev dei ¬å eta,og tårer må dei drikka ¬i fullt mål.

7. Du lèt våre grannar stridast ¬om oss,og fiendane spottar oss.

8. Reis oss opp att, Allhærs Gud,lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

9. Eit vintre reiv du opp i Egypt,du dreiv folkeslag ut ¬og planta det.

10. Du rudde grunnen for det,så det røtte seg og fylte landet.

11. Skuggen av det gøymde fjell,greinene løynde ¬mektige sedrar.

12. Det tøygde rankene ut til havetog renningane heilt ¬til Storelva.

13. Kvifor har du rive ned gjerdet ¬kring treet,så alle som går framom, ¬kan plukka,

14. så villsvin frå skogen ¬kan gnaga på det,og krypet på marka ¬kan eta av det?

15. Vend deg hit att, Allhærs Gud,skoda ned frå himmelen og sjå!Ta deg av dette vintreet,

16. verna om det ¬som du har plantamed di høgre hand,– sonen som du har gjeve ¬styrke!

17. Dei som brende opp treet ¬lik avfall,skal gå til grunne ¬for ditt trugsmål.

18. Hald di vernande hand ¬over hansom er ved di høgre side,over mennesket ¬som du har gjeve styrke.

19. Så vil vi aldri vika frå deg.Gjev oss liv, ¬så vil vi kalla på deg!

20. Reis oss opp att, ¬Herre, Allhærs Gud,lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!