Salmane 28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Klagerop og takk

1. Av David.Herre, eg ropar til deg, ¬mitt berg.Vend deg ikkje tagal frå meg!Svarar du meg ikkje,vert eg lik dei ¬som har gått i grav.

2. Høyr mi inderlege bøn,når eg ropar til deg om hjelp,når eg lyfter mine hendermot Det høgheilage ¬i ditt tempel.

3. Riv meg ikkje bort ¬med dei gudlause,saman med dei som gjer urett.Dei talar venleg med sin neste,men hjarta deira ¬er fullt av vondskap.

4. Gjev dei att ¬for det dei har gjort,for deira vonde framferd!Gjev dei lika for deira udåd,lat dei få att for si gjerning!

5. For dei aktar ikkje ¬på Herrens verk,på det han gjer ¬med sine hender.Gjev han må riva dei nedog ikkje byggja dei opp att!

6. Lova vere Herren,for han har høyrt ¬mi inderlege bøn!

7. Herren er mitt vern ¬og mitt skjold,eg set mi lit til han.Eg fekk hjelp, ¬og mitt hjarta jublar;eg takkar han med min song.

8. Herren er styrke for sitt folk,vern og frelse ¬for den han har salva.

9. Frels ditt folk ¬og velsigna din eigedom!Ver du deira hyrdingog ber dei til evig tid!