Salmane 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Bøn for kongen

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Gjev Herren må bønhøyra deg ¬på trengselsdagen,Jakobs Gud verna deg!

3. Gjev han må senda deg hjelp ¬frå heilagdomenog gje deg støtte frå Sion!

4. Gjev han må minnast ¬alle dine offergåverog ta imot ditt brennoffer, Sela

5. gje deg det ditt hjarta ynskjerog la alle dine planar lukkast.

6. Så vil vi jubla over di frelseog lyfta banneret ¬i vår Guds namn.Herren oppfylle alle dine bøner!

7. No veit eg at Herren gjev siger ¬til den han har salva,og svarar han ¬frå sin heilage himmel;med si høgre hand ¬gjer han storverk til frelse.

8. Andre lit på vogner og hestar,men vi prisar namnet ¬åt Herren vår Gud.

9. Dei andre sig i kne og fell,men vi står og held ut.

10. Herre, gjev kongen siger!Svar oss den dagen vi ropar!