1. Til korleiaren. Med strengespel.Ein Asaf-salme. Ein song.
2. Gud er kjend i Juda,hans namn er stort i Israel.
3. I Salem er hans hytte reist,på Sion står hans bustad.
4. Der braut han sund ¬dei lynande piler,krigens våpen, ¬skjold og sverd. Sela
5. Strålande er du,herlegare enn dei ¬eldgamle fjell.
6. Modige menn vart plyndra,og dei sovna inn.Hendene svikta ¬kvar stridsmann.
7. Ved dine trugsmål, ¬Jakobs Gud,fall hest og krigar i dvale.
8. Ageleg er du, Gud.Kven kan stå seg for ditt åsynnår du vert vreid?
9. Du kunngjer din dom ¬frå himmelen.Jorda vert mållaus av redsle
10. når Gud står opp for å dømaog frelsa ¬alle armingar på jord. Sela
11. Jamvel manns harme ¬vert til lovsong for deg;harmen endar med høgtid.
12. Gjev lovnader til Herren ¬dykkar Gud,og lat han få det de har lova!Folk skal koma frå alle kantarmed gåver til den agelege Gud.
13. Han bøyer dei stolte fyrstar,og kongane på jord ¬må ottast han.