Salmane 122 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Bed om fred for Jerusalem!

1. Ein song til festferdene. Av David.Eg er glad når dei seier til meg:«Vi vil gå til Herrens hus.»

2. No har vi sett våre føteri dine portar, Jerusalem.

3. Jerusalem, du velbygde by,som ligg der samla ¬og samanbunden!

4. Dit fer ættene opp,ættene som høyrer Herren til. Det er ei lov for Israelat dei skal prisa ¬Herrens namn der.

5. Ja, der er domarsete reiste,troner for Davids hus.

6. Bed om fred for Jerusalem!Gjev dei som elskar deg, ¬må leva trygt!

7. Gjev fred får råda ¬bak dine murarog tryggleik i dine borger!

8. For mine brør og frendar skuldseier eg: «Fred over deg!»

9. Fordi Herren vår Gud ¬har sitt hus i deg,bed eg at det må gå deg vel.