Salmane 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kva er eit menneske?

1. Til korleiaren. Etter Gittit.Ein Davids-salme.

2. Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namner over all jorda,du som har breitt ut ¬din prydnad på himmelen!

3. Av munnen på småborn ¬og spedbornhar du reist deg eit vern ¬mot dine fiendar,så du kan stagga ¬kvar motstandarsom trår etter hemn.

4. Når eg ser din himmel, ¬eit verk av dine fingrar,månen og stjernene ¬som du har sett der,

5. kva er då eit menneske, ¬sidan du kjem det i hug,eit menneskebarn, ¬sidan du tek deg av det?

6. Du gjorde han lite ringare ¬enn Gud,med ære og herlegdom ¬krona du han.

7. Du sette han til herre ¬over dine henders verk,alt la du under hans føter:

8. sauer og oksar, alle i hop,ja, jamvel dei ville dyr ¬på marka,

9. fuglen i lufta og fisken i sjøen,alt som ferdast ¬på havsens stigar.

10. Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namner over all jorda!