Salmane 59 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar!

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han.

2. Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar,vern meg mot dei ¬som reiser seg mot meg!

3. Fri meg frå folk ¬som fer med vondskap,og frels meg frå drapsmenn!

4. For sjå, dei ligg og lurer ¬på meg,sterke menn går til strid ¬imot meg.Utan at eg har forbrote meg, ¬Herre,

5. utan at eg har synd ¬eller skuld,stormar dei fram ¬og fylkar seg til strid.Vakna, kom til meg og sjå!

6. Herre, Allhærs Gud,du er då Israels Gud.Vakna og krev ¬alle folk til rekneskap,ver ikkje nådig ¬mot trulause nidingar! Sela

7. Dei kjem att kvar kveld;dei hyler som hundarog fer ikring i byen.

8. Høyr, kor dei brukar munn,lippene deira er som sverd.Er det nokon som høyrer?

9. Men du, Herre, ler åt dei,du spottar alle folkeslag.

10. Eg vil akta på deg, ¬min styrke;Gud er mi faste borg.

11. Min Gud møter meg ¬med si miskunn,han lèt meg sjå ¬at mine fiendar fell.

12. Drep dei ikkje,så mitt folk ikkje gløymer det!Bruk makt, ¬så dei må flakka ikring,og støyt dei ned, Herre, ¬du vårt skjold!

13. Kvart ord dei tek i sin munn, ¬er synd.Lat dei fangast ¬i sitt eige hovmodfordi dei fer ¬med forbanning og lygn.

14. Gjer ende på dei i din harme,gjer ende på dei, ¬så dei vert til inkjes.Då skal folket skjønaat det er Gud som rår i Jakob,ja, radt til heimsens ende. Sela

15. Dei kjem att kvar kveld;dei hyler som hundarog fer ikring i byen.

16. Dei flakkar om, vil finna mat,og knurrar ¬når dei ikkje vert mette.

17. Men eg vil syngja om di maktog jubla kvar morgon ¬over din truskap.For meg har du vorte ei borg,ei tilflukt den dag eg er i naud.

18. Eg vil syngja for deg, ¬min styrke;for Gud er mi faste borg,min Gud som viser miskunn.