Salmane 123 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Eg lyfter mine augo til deg

1. Ein song til festferdene.Eg lyfter mine augo til deg,du som tronar i himmelen,

2. liksom trælen fylgjerhanda åt herren sin med augo.Liksom trælkvinna fylgjerhanda åt husfrua med augo,så vender vi augo ¬mot Herren vår Gud,til dess han viser oss nåde.

3. Ver oss nådig, Herre, ¬ver oss nådig!For vi har fått meir enn nok ¬av spott.

4. Vi er mette av spott ¬frå sjølvtrygge folk,og av vanvørdnad ¬frå dei hovmodige.