Salmane 125 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren vernar om sitt folk

1. Ein song til festferdene. Dei som set si lit til Herren,er som Sion-fjellet;det skal aldri rikkast, ¬men stå til evig tid.

2. Liksom fjella ¬ligg vernande om Jerusalem,såleis vernar Herren ¬om sitt folkfrå no og til evig tid.

3. Nidings kongsstav ¬skal ikkje kvilapå landet ¬som dei rettferdige fekk,så ingen rettferdig ¬skal retta ut handaog gjera det som vondt er.

4. Herre, gjer godt mot dei gode,mot dei som har ¬ein ærleg hug.

5. Men Herren sender frå segdei som slår inn på krokvegar,og dei som fer med vondskap.Fred vere over Israel!