Salmane 132 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Sion og Davids ætt

1. Ein song til festferdene.Herre, kom David i hugfor all den møda han heldt ut!

2. Han svor Herren ein eid,gav Jakobs Veldige ein lovnad:

3. «Eg går ikkje inn i min bustadog legg meg ikkje på mi lege,

4. eg unner meg ikkje ¬blund på augo,lèt ikkje augneloka kvila

5. før eg har funne ¬ein stad for Herren,ein bustad for Jakobs Veldige.»

6. Vi høyrde om paktkista ¬i Efrata,vi fann henne ¬på Ja’ar-markene.

7. Kom, lat oss gå ¬til Herrens bustadog kasta oss ned ¬for hans fotskammel!

8. Reis deg, Herre, ¬og kom til den stadder du slår deg til ro,du og ditt veldes kiste.

9. Prestane dine ¬skal vera kledde i rettferd,og dei som held di pakt, ¬skal jubla.

10. For David, din tenar skuld,vis ikkje frå deg ¬den du har salva!

11. Herren har svore David ¬ein eid,eit påliteleg ord, ¬som han ikkje går frå:«Menn av di ættvil eg setja på din kongsstol.

12. Dersom sønene dine ¬held mi paktog den lov eg vil læra dei,så skal deira søner ògfor alltid sitja ¬på din kongsstol.»

13. For Herren har valt ut Sion,som han vil ha til bustad:

14. «Dette skal vera ¬min kvilestad for alltid,her vil eg bu, ¬det er mitt ynske.

15. Maten på Sion vil eg velsigna,og dei fattige vil eg metta ¬med brød.

16. Sions prestar kler eg ¬med frelse,og dei trugne skal ropa ¬av fagnad.

17. Der lèt eg Davids-ætta få makt,eg steller til ei lampe ¬for den eg har salva.

18. Hans fiendar vil eg kle ¬med skammen på hans hovud ¬skal krona stråla.»