Ordtaka 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Akta deg når framand kvinne lokkar!

1. Son min, ta vare ¬på mine ord,gøym mine bod i din hug!

2. Ta vare på mine bod, ¬så skal du leva,og på mi lære ¬som din augnestein!

3. Bind dei fast ¬til fingrane dine,og skriv dei på di hjartetavle!

4. Sei til visdomen: ¬«Du er mi syster,»og kall vitet din frende!

5. Så vaktar dei deg ¬mot annan manns kone,mot framand kvinne ¬som lokkar så fint.

6. Ein gong såg eg ut ¬gjennom glaset,kikka ut gjennom gluggen.

7. Då såg eg mellom dei unge ¬ein tankelaus gut,eg merka meg han ¬blant dei urøynde menn.

8. Han gjekk framom på gata ¬ved hennar hjørne,gjekk og dreiv på vegen ¬ved hennar hus.

9. Det var i skumringa, ¬då det kvelda,på den tid nattemørkret ¬fell på.

10. Då kjem kvinna imot hani skjøkjebunad ¬og med listige planar.

11. Ho er så rastlaus og ustyrleg,ho kan ikkje halda seg ¬roleg heime.

12. Snart er ho på gata ¬og snart på torget,ho står på lur ¬ved kvart gatehjørne.

13. Så tek ho tak i han, ¬kysser hanog seier til han ¬med frekk mine:

14. «Eg skulle bera fram ¬eit måltidsoffer,og no har eg gjort det eg lova.

15. Så gjekk eg ut ¬til møtes med deg,eg leita etter deg ¬og fann deg.

16. Eg har lagt teppe på mi seng,fargerikt lin frå Egypt,

17. og over mi lege har eg strøyttmyrra, aloë og kanel.

18. Kom, lat oss nyta ¬kjærleiksrusen,hyggja oss i elskhug ¬til morgonen gryr.

19. For mannen min er ikkje heime,han er ute på langferd.

20. Pengepungen tok han ¬med seg,fyrst ved fullmånetid ¬kjem han heim.»

21. Ho vann han ¬med lokkande ord,med falske lipper ¬forførte ho han.

22. Han fylgjer etter henne ¬med det same,lik ein okse dei fører ¬til slakting,eller ein hjort som går i fella,

23. til pila borar seg inn i levra;han liknar fuglen ¬som flyg i snaraog ikkje skjønar ¬at det gjeld livet.

24. Så høyr no på meg, mine born,lyd på orda frå min munn!

25. Lat deg ikkje lokka til å veljadei vegar framand kvinne går,villa deg ikkje inn ¬på hennar stigar!

26. For mange har ho gjeve ¬banesår,talrike er dei ho har felt.

27. Frå hennar hus ¬går vegar til dødsriket,dei fører til dødens mørke rom.