1. Godt namn er meir verdt ¬enn stor rikdom;å vera avhalden ¬er betre enn sølv og gull.
2. Rike og fattige møtest,Herren har skapt dei alle.
3. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,dei godtrune går på og ¬må bøta.
4. Den løn som gudsfrykt ¬og audmykt gjev,er rikdom og ære og liv.
5. På vegen der dei svikefulle går, ¬er klunger og snarer,den som vil berga livet, ¬held seg borte frå dei.
6. Lær guten den vegen ¬han skal gå,så vik han ikkje av ¬når han vert gamal.
7. Rikmenn rår over fattige,den som låner, må træla ¬for den som gjev lån.
8. Den som sår urett, ¬haustar vondskap,riset han brukar i sinne, ¬tek slutt.
9. Velsigning får den ¬som er god mot andre,for han deler sitt brød ¬med dei fattige.
10. Jag spottaren ut, ¬så går tretta med,og den skamlause striden ¬får ein ende.
11. Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta,den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven.
12. Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap,men svikarens ord ¬gjer han maktlause.
13. Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute,ho kunne drepa meg ¬midt på gata!»
14. Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav,den Herren er harm på, ¬fell nedi.
15. Vitløyse høyrer ungguten til,men tukteriset ¬driv henne bort.
16. Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige,gåver til den rike ¬gjev berre tap.
17. Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord,rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev.
18. Det er godt ¬om du gøymer dei i hjartaog alltid har dei på lippene.
19. For at du skal setja ¬di lit til Herren,forkynner eg dei for deg i dag.
20. Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for degmed gode og kloke råd.
21. Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord,så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar.
22. Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig,og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten!
23. For Herren vil føra deira sakog ta livet av deira ransmenn.
24. Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg,og slå ikkje lag ¬med bråsint mann,
25. så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegarog setja ei felle for ditt liv.
26. Ver ikkje mellom dei ¬som gjev handslagog borgar for folk ¬som har gjeld.
27. Når du ikkje har noko ¬å betala med,kvifor skal dei då ¬ta senga du ligg på?
28. Flytt ikkje gamle merkesteinarsom fedrane dine har reist.
29. Ser du ein mann ¬som er dugande i sitt arbeid?Han kan ta teneste hjå kongarog skal ikkje tena ¬hjå småkårsfolk.