1. Son min, ta imot mine ord,og ta vare på mine bod,
2. så du vender øyra til visdomenog freistar å skjøna ¬med heile din hug.
3. Ja, berre kall på vitet,og rop etter skjøn ¬med høg røyst!
4. Leit etter det som var det sølv,grundig som når ein grev ¬etter skattar.
5. Då skal du skjøna ¬kva gudsfrykt er,og vinna kjennskap til Gud.
6. For det er Herren ¬som gjev visdom,frå hans munn ¬kjem kunnskap og skjøn.
7. Han lèt dei ærlege ¬ha framgang,er eit skjold for den ¬som er heil i si ferd.
8. Han vernar dei stigar ¬der retten rår,og vaktar vegen ¬for sine trugne.
9. Då skal du skjøna deg ¬på rettferd og rett,på rettvise og all god framferd.
10. For du skal få visdom i hjarta,og kunnskap ¬skal gjera deg glad.
11. Ettertanke skal vakta degog godt skjøn verna deg.
12. Det skal berga deg ¬frå den vonde vegen,frå folk som fer ¬med rang tale,
13. frå dei som går bort ¬frå dei rette stigarog held seg til mørke vegar.
14. Dei gleder seg ¬når dei gjer vondt,og fegnast over ¬det vonde og vrange.
15. Dei ferdast på krokete stigar,går seg bort på sine vegar.
16. Visdom skal fria deg ¬frå annan manns kone,frå framand kvinne ¬som lokkar så fint,
17. ho som har svike ¬sin ungdoms venog gløymt den lovnad ¬ho gav sin Gud.
18. Huset hennar ¬sig ned til dødsriket,vegen hennar ¬fører ned til dei døde.
19. Dei som går inn til henne, ¬kjem aldri att,dei når ikkje fram ¬til livsens stigar.
20. Men visdom ¬skal hjelpa degtil å fylgja den vegen ¬der dei gode går,og halda deg på stigarder dei rettferdige ferdast.
21. For dei rettvise ¬skal bu i landet,dei ærlege skal få vera der.
22. Men dei gudlause ¬skal rydjast utog svikarane rivast bort ¬frå landet.