1. Ein turr brødbit ¬i ro og freder betre enn festmåltid ¬med trette i huset.
2. Det kan henda at ein klok trælfår råda over ein uvisleg sonog får dela arven med brørne.
3. Sølvet smeltar dei i digelenog gullet i smelteomnen,men hjarto er det Herren ¬som prøver.
4. Ugjerningsmannen ¬aktar på vonde tunger,lygnaren høyrer ¬på skadeleg snakk.
5. Den som spottar den fattige, ¬hånar hans skapar,den som gleder seg over ¬ulukke, slepp ikkje straff.
6. Barneborn er ei krone ¬for dei gamle,og borna er stolte ¬av fedrane sine.
7. Det sømer seg ikkje for dåren ¬å bruka store ord,enn mindre for ein stormann ¬å lyga.
8. Ein lukkestein ¬er ei gåve for eigaren,kvar han vender seg, ¬går det han godt.
9. Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap,den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven.
10. Skjenn har betre verknad ¬på den vitugeenn hundre slag på dåren.
11. Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør,men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han.
12. Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar,enn å møta ein dåre, ¬dum som han er.
13. Når nokon løner godt ¬med vondt,skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans.
14. Å yppa strid ¬er som å opna for vatn.Hald opp før tretta bryt laus!
15. Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdiger ein styggedom for Herren.
16. Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren?Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit?
17. Ein ven viser alltid kjærleik,og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud.
18. Tankelaus er den ¬som gjev handslagog borgar for nesten sin.
19. Den som likar trette, ¬likar synd;og den som lagar ¬ei stor dør,søkjer sin eigen undergang.
20. Det falske hjarta ¬finn inga lukke,er tunga svikefull, ¬kjem ein i naud.
21. Sorg får den ¬som har ein dåre til son,far til ein narr har inga glede.
22. Glede i hjarta gjev god helse,mismod tærer på merg ¬og bein.
23. Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme,med dei vil han rengja retten.
24. Den kloke har visdom for auga,men dårens augo ¬når til heimsens ende.
25. Ein uvitug son argar far sin,er til beisk sorg ¬for henne som fødde han.
26. Det er ille for rettvis mann ¬å måtta betala bot,men at stormenn vert slegne, ¬er i strid med all rett.
27. Klok er den som sparer ¬på orda,den kaldblodige ¬er ein vitug mann.
28. Når dåren teier, ¬går han òg for vis,når han held munn, ¬gjeld han for klok.