1. Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.
2. Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom,så ein skjønar vitug tale
3. og tek imot tukt ¬som gjev framgang,og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom.
4. Dei gjev den urøynde klokskapog ungdomen kunnskap ¬og omtanke.
5. Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom,den vituge lærer ¬å styra sin tanke,
6. så han skjønar ordtak ¬og bilettale,ord av vismenn og ¬gåtene deira.
7. Age for Herren ¬er opphav til kunnskap;dårar vanvørder ¬visdom og tukt.
8. Høyr etter når far din ¬formanar deg, son,og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!
9. For det er ein fager krans ¬om ditt hovud,ei kjede som pryder din hals.
10. Fylg ikkje syndarar, son min,når dei lokkar deg,
11. når dei seier: ¬«Kom og ver med oss!Vi vil liggja på lur og drepa,setja feller for skuldlause ¬utan grunn.
12. Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket,la dei gå heilt til grunnelik dei som går i grav.
13. Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna,fylla våre hus med røva gods.
14. Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette,alle skal vi ¬ha same pengepungen.»
15. Son min, slå ikkje lag ¬med dei,hald foten din borte ¬frå deira stig!
16. Dei spring så lett ¬etter det som er vondt,og er snøgge til å renna ut blod.
17. Det nyttar ikkje ¬å spenna ut nettetså alle fuglane ser det.
18. Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv,dei set feller for seg sjølve.
19. Så går det alle ¬som jagar etter vinning,det tek livet av dei.
20. Visdomsmøya ropar høgt ¬på gata,lèt røysta si lyda på alle torg.
21. Midt i ståket ropar ho ut,tek til ords ¬i dei opne byportane:
22. Kor lenge skal de godtruneelska godtruenskapen?Kor lenge skal spottaraneha glede av å spottaog dårane hata kunnskap?
23. Vend dykk hit ¬når eg refser,så lèt eg mi ånd strøyma ¬ut over dykkog gjev dykk kjennskap ¬til mine ord.
24. De ville ikkje høyra ¬når eg ropa,og ingen ansa ¬at eg rette ut handa;
25. de brydde dykk ikkje ¬om mine rådog ville ikkje vita av ¬mine refsingsord.
26. Difor skal eg le ¬når ulukka råkar dykk,og spotta ¬når de vert slegne av redsle,
27. når redsla fer fram ¬som eit uver,når ulukka kjem som ¬ein storm,og de vert ute ¬for trengsle og naud.
28. Då ropar dei på meg, ¬men eg svarar ikkje;dei leitar etter meg, ¬men finn meg ikkje.
29. Fordi dei hata kunnskapog ikkje valde å ottast ¬Herren,
30. fordi dei ikkje ¬ville høyra på mitt rådog vanvørde ¬alle mine refsingsord,
31. difor skal dei få smaka ¬frukta av si åtferdog mettast med det ¬dei sjølve har planlagt.
32. Fråfallet kostar ¬dei godtrune livet,tryggleiken ¬tyner dårane.
33. Men den som høyrer på meg, ¬skal bu trygtog leva i fred ¬utan redsle for noko vondt.