Ordtaka 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ein manns ord er som djupt vatn

1. Ein einstøing ¬fylgjer sin eigen hug,med stort hell yppar han strid.

2. Dåren bryr seg ikkje ¬om godt skjøn,han vil visa ¬kva han tenkjer sjølv.

3. Kjem gudlaus mann, ¬kjem vanvørdnad òg,og med skam fylgjer spott.

4. Ein manns ord ¬er som djupt vatn,og visdoms kjelde ¬er ein bekk som vell fram.

5. Det er ille ¬å halda med skuldig mannog driva den rettferdige ¬bort frå retten.

6. Dårens lipper valdar strid,og munnen hans ropar ¬etter riset.

7. Dårens munn ¬er til skade for han sjølv,og lippene er ei felle for han.

8. Ord av ein baktalar ¬er som dei beste retter,dei sig ned i kroppen.

9. Den som er lat i sitt arbeid,han er bror til øydaren.

10. Herrens namn ¬er eit festningstårn;dit spring den rettferdige ¬og vert berga.

11. Rikmanns gods ¬er hans faste borg,i hans tanke ¬er det som ein høg mur.

12. Før mannen fell, ¬er han stolt i hjarta,føre ære går audmykt.

13. At nokon svarar ¬før han høyrer,er dumt og til skam for han.

14. Motet held mannen oppe ¬i sjukdom,men mismod, ¬kven kan bera det?

15. Den kloke får seg kunnskap,dei vise legg vinn på ¬å høyra og læra.

16. Gåver opnar veg for mannenog fører han fram ¬for dei store.

17. Den som talar fyrst i ei sak, ¬har retttil motparten kjem ¬og granskar hans ord.

18. Loddkasting gjer ende ¬på tretter,ho avgjer strid ¬mellom mektige menn.

19. Har ein bror lide urett,er han verre å vinna ¬enn ei festning;å tretta med han ¬er som bom for ei borg.

20. Magen mettast ¬av munnens frukt,av det som lippene ber fram.

21. Tunga har makt ¬over død og liv,og dei som gjerne ¬brukar henne,får nyta hennar frukt.

22. Den som finn ei kone, ¬finn lukka;han har fått velvilje hjå Herren.

23. Den fattige kjem ¬med audmjuk bøn,den rike svarar med harde ord.

24. Det kan gå gale med ein mann ¬som har vener,men det finst vener som er ¬trugnare enn ein bror.