Jesaja 58 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Rett faste og sabbatshelg

1. Rop av full hals, ¬spar deg ikkje,lyft di røyst som ein lur!Fortel mitt folk om deira brot,Jakobs ætt om deira synder!

2. Dei søkjer meg dag etter dagog vil gjerne kjenna ¬mine vegar.Lik eit folk som gjer rettog ikkje vender seg ¬frå sin Guds lov,spør dei etter ¬mine rettferdige bodog ynskjer at Gud ¬skal vera dei nær!

3. «Kvifor ser du ikkje at vi fastar,og ansar ikkje at vi plagar oss?»De kjøper og sel på fastedagenog driv arbeidsfolket hardt.

4. Når de fastar, ¬er det kiv og strid,med hogg og slag ¬av gudlause nevar.De fastar ikkje så i dagat bøna dykkar ¬kan høyrast i det høge.

5. Er dette den faste eg vil ha:ein dag då mennesket ¬plagar seg sjølv,heng med hovudet som sevet,kler seg i botsdrakt ¬og ligg i oske?Kallar du dette for faste,er det ein dag ¬etter Herrens vilje?

6. Nei, så er den faste ¬som eg vil ha:at du løyser dei ¬som med urett er bundne,sprengjer banda i åketog friar ut dei som er trælka,ja, knekkjer kvart åk,

7. at du deler ditt brød ¬med dei som svelt,og lèt heimlause stakkarar ¬koma i hus,at du kler den nakne som ¬du ser,og ikkje sviktar dine eigne.

8. Då skal ljoset ditt renna ¬som morgonroden,snart skal dei lækjast og gro, ¬dine sår.Di rettferd skal gå føre degog Herrens herlegdom ¬sist i ferda.

9. Då skal Herren svaranår du kallar på han,når du ropar om hjelp,skal han seia: «Her er eg!»Når du tek bort ¬kvart tyngjande åk,held opp med å peika fingrarog tala vondt om andre,

10. når du deler ditt brød ¬med den som svelt,og mettar den som lid naud,då skal ljoset renna ¬for deg i mørkret,og natta skal verta ¬som ljose dagen.

11. Herren skal alltid leia degog metta deg i det turre land.Han skal styrkja deg;du skal verta ¬som ein vassrik hage,ja, som ei rennande kjeldeder vatnet aldri tryt.

12. Du skal byggja opp att ¬gamle ruinarog reisa grunnmurar ¬frå farne ætter.Då skal dei kalla deg ¬murbrot-bøtar,han som vøler vegar,så folk kan bu i landet.

13. Held du foten din att ¬på sabbatsdagen,så du ikkje driv ditt yrke ¬på min heilagdag,men kallar sabbaten ei lystog Herrens helg ¬ein høgvørd dag,held du han i ære,så du ikkje går dine ¬eigne vegar,men avstår frå handel ¬og snakk,

14. då skal du ha di glede i Herren.Eg lèt deg fara ¬over høgdene i landet,du får nyta arven etter Jakob, ¬far din.Dette er ordet ¬frå Herrens munn.