Jesaja 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den dagen skal sju kvinnerta fatt i ein og same mann ¬og seia:«Vi skal sjølve fø og kle oss,berre vi får bera ditt namn.Ta bort vår vanære!»

Sions frelse og herlegdom

2. Den dagen ¬skal Herrens renningvera til prydnad og æreog landsens frukt gild og fagerfor dei som slapp unna i Israel.

3. Dei som er att på Sionog etterleivde i Jerusalem,skal kallast heilage,alle som er oppskrivnetil livet i Jerusalem.

4. Når Herren har vaska bortureinskapen hjå Sions døtrerog skylt blodskulda ¬ut or Jerusalemmed doms- og reinsingsande,

5. då skal han skapa ¬ei røyksky om dagenog ein lysande, logande eld ¬om nattaover heile Sion-fjelletog over møtestadene der.For over alt herleg ¬skal det vera eit dekke,

6. eit tak som skyggjer for heten ¬om dagenog gjev livd og skjol ¬mot uver og regn.