Jesaja 47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Spottevise om Babel

1. Stig ned og set deg ¬i molda,Babels dotter, du unge møy!Set deg på jorda, ¬utan kongsstol,du kaldeardotter!For du skal ikkje lenger kallastden fine og bortskjemde møy.

2. Ta kverna fram og mal!Legg sløret bort, ¬lyft slepet opp,så foten vert berr,og du kan vassa over elvar.

3. Dei skal kle av degog sjå deg naken.Eg tek hemn og sparer ingen,

4. seier vår utløysar.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.Israels Heilage er han.

5. Set deg stilt,og gå inn i mørkret,du kaldeardotter!For du skal ikkje lenger kallastdronning over kongerike.

6. Eg var harm på mitt folkog førte vanære ¬over mitt arveland.Eg gav dei i dine hender,og du hadde ikkje medkjensle ¬med dei.Jamvel på gamle folkla du ditt tunge åk.

7. Du sa: «Eg skal for alltid ¬vera dronning!»Du la deg ikkje dette på hjartaog tenkte ikkje på endelykta.

8. Så høyr då dette, du nytesjuke,som sit så tryggog tenkjer med deg sjølv:«Eg og ingen annan!Eg skal ikkje sitja enkjeog aldri leva barnlaus.»

9. Men begge desse ulukkeneskal koma over deg,brått, på ein einaste dag.Barnløyse og enkjestandkjem på deg i fullaste måltrass i all di svartekunstog dine sterke trolldomsord.

10. Du kjende deg trygg ¬i din vondskap og sa:«Det er ingen som ser meg.»Din visdom og kunnskap ¬førte deg vilt,så du tenkte med deg:«Eg og ingen annan!»

11. Så skal du då råkast ¬av noko vondtsom du ikkje kan mana bort.Ei ulukke skal henda deg,og den kan du ikkje hindra ¬med soning.Brått kjem det over deg,eit stormver du ikkje venta.

12. Kom no med dine ¬trolldomsordog all di svartekunst,som du har drive med ¬frå din ungdom!Kanskje kunne du finna hjelp,kanskje skræma ulukka bort!

13. Du har streva ¬med mange planar.Lat dei stiga fram og ¬hjelpa deg,dei som granskar himmelenog kikkar på stjernene,dei som månad etter månadvarslar det som skal henda deg.

14. Men sjå, dei vert som halm;elden brenner dei opp.Dei kan ikkje berga livetfrå den sterke logen.Det er ikkje glør ¬til å verma seg med,ikkje bål til å sitja framfor.

15. Så går det dine trollmenn,som du har trøytta deg ut medfrå du var ung.Dei vinglar kvar sin veg;det finst ingen som ¬hjelper deg.