Jesaja 35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den heilage vegen

1. Øydemark og turrlende ¬skal gleda seg,den aude hei ¬skal jubla og bløma.

2. Ho skal bløma som liljaog jubla, ja ropa av fryd.Libanons herlegdom ¬får ho i gåve,Karmels og Sarons prydnad.Herrens herlegdom ¬skal folket få sjå,stråleglansen frå vår Gud.

3. Styrk dei kraftlause hender,gjer dei skjelvande kne sterke!

4. Sei til dei urolege hjarto:Ver frimodige, ver ikkje redde!Sjå, der er dykkar Gud!Han kjem med straff.Gud vil gjera attergjeld.Sjølv kjem han og frelser dykk.

5. Då skal blinde augo opnastog dauve øyro latast opp.

6. Då skal den lame ¬springa som ein hjortog tunga åt den mållause jubla.For kjelder bryt fram ¬i øydemarkaog bekker på dei turre vidder.

7. Den gloande sand ¬vert til sevkransa sjø,det tyrste land ¬til vassrike kjelder.Sjakalars mark ¬vert ein kvilestad,der graset gror ¬mellom røyr og sev.

8. Og der skal det ¬vera ein kongsveg,Den heilage vegen ¬skal han kallast.På den skal ingen urein ¬ferdast,det skal vera ein pilegrimsveg ¬for Guds folk;ikkje eingong dårar ¬skal fara vilt.

9. Der skal inga løve ferdastog inkje rovdyr setja sin fot;dei skal ikkje finnast meir.Men dei utløyste ¬skal ferdast der.

10. Herrens utløyste ¬skal venda heim att.Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop,med evig glede om si panne.Fryd og glede skal møta dei,sorg og sukk må røma.