Salmane 96:2-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Syng for Herren, ¬pris hans namn,forkynn frå dag til dag ¬hans frelse!

3. Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom,mellom alle folk ¬om hans under!

4. Ja, stor og høglova er Herren,meir ageleg enn alle gudar.

5. Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde.Det var Herren ¬som skapte himmelen.

6. Høgd og herlegdom ¬er framføre han,makt og glans i hans tempel.

7. Gjev Herren ære og makt,gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!

8. Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha!Kom med offergåver ¬til hans tempelgardar!

9. Bøy dykk ned for Herrenog tilbed han i heilagt skrud!Skjelv for hans åsyn, all jorda!

Salmane 96