Salmane 46:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Difor reddast vi ikkje ¬om jorda skjek,om fjella ragar i havsens djup,

4. om bylgjene bryt og brusar,og fjella skjelv ¬i opprørt hav. Sela

5. Ei elv med fleire greiner ¬skaper glede i Guds by,der Den Høgste ¬har sin heilage bustad.

6. Han kan ikkje rikkast, ¬for Gud er der.Gud hjelper han ¬når morgonen renn.

7. Folkeslag brusa, rike vart rikka,røysta hans ljoma, ¬og jorda skalv.

8. Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss,Jakobs Gud ¬er vår faste borg. Sela

Salmane 46