Salmane 132:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Reis deg, Herre, ¬og kom til den stadder du slår deg til ro,du og ditt veldes kiste.

9. Prestane dine ¬skal vera kledde i rettferd,og dei som held di pakt, ¬skal jubla.

10. For David, din tenar skuld,vis ikkje frå deg ¬den du har salva!

11. Herren har svore David ¬ein eid,eit påliteleg ord, ¬som han ikkje går frå:«Menn av di ættvil eg setja på din kongsstol.

12. Dersom sønene dine ¬held mi paktog den lov eg vil læra dei,så skal deira søner ògfor alltid sitja ¬på din kongsstol.»

13. For Herren har valt ut Sion,som han vil ha til bustad:

14. «Dette skal vera ¬min kvilestad for alltid,her vil eg bu, ¬det er mitt ynske.

15. Maten på Sion vil eg velsigna,og dei fattige vil eg metta ¬med brød.

Salmane 132