1. Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til fjella:Kvar kjem mi hjelp ifrå?
2. Mi hjelp kjem frå Herren,han som skapte himmel ¬og jord.
3. Han lèt ikkje foten din ¬vera ustø,din vaktar blundar ikkje.
4. Nei, han blundar ikkje ¬og søv ikkje,Israels vaktar.
5. Herren er din vaktar, ¬Herren er din skugge,han er ved di høgre hand.