Ordtaka 22:11-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta,den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven.

12. Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap,men svikarens ord ¬gjer han maktlause.

13. Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute,ho kunne drepa meg ¬midt på gata!»

14. Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav,den Herren er harm på, ¬fell nedi.

15. Vitløyse høyrer ungguten til,men tukteriset ¬driv henne bort.

16. Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige,gåver til den rike ¬gjev berre tap.

17. Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord,rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev.

18. Det er godt ¬om du gøymer dei i hjartaog alltid har dei på lippene.

19. For at du skal setja ¬di lit til Herren,forkynner eg dei for deg i dag.

20. Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for degmed gode og kloke råd.

21. Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord,så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar.

22. Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig,og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten!

23. For Herren vil føra deira sakog ta livet av deira ransmenn.

24. Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg,og slå ikkje lag ¬med bråsint mann,

25. så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegarog setja ei felle for ditt liv.

Ordtaka 22