Ordtaka 17:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap,den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven.

10. Skjenn har betre verknad ¬på den vitugeenn hundre slag på dåren.

11. Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør,men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han.

12. Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar,enn å møta ein dåre, ¬dum som han er.

13. Når nokon løner godt ¬med vondt,skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans.

14. Å yppa strid ¬er som å opna for vatn.Hald opp før tretta bryt laus!

15. Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdiger ein styggedom for Herren.

16. Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren?Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit?

17. Ein ven viser alltid kjærleik,og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud.

Ordtaka 17