Ordtaka 17:23-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme,med dei vil han rengja retten.

24. Den kloke har visdom for auga,men dårens augo ¬når til heimsens ende.

25. Ein uvitug son argar far sin,er til beisk sorg ¬for henne som fødde han.

26. Det er ille for rettvis mann ¬å måtta betala bot,men at stormenn vert slegne, ¬er i strid med all rett.

27. Klok er den som sparer ¬på orda,den kaldblodige ¬er ein vitug mann.

28. Når dåren teier, ¬går han òg for vis,når han held munn, ¬gjeld han for klok.

Ordtaka 17