Ordtaka 17:16-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren?Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit?

17. Ein ven viser alltid kjærleik,og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud.

18. Tankelaus er den ¬som gjev handslagog borgar for nesten sin.

19. Den som likar trette, ¬likar synd;og den som lagar ¬ei stor dør,søkjer sin eigen undergang.

20. Det falske hjarta ¬finn inga lukke,er tunga svikefull, ¬kjem ein i naud.

21. Sorg får den ¬som har ein dåre til son,far til ein narr har inga glede.

22. Glede i hjarta gjev god helse,mismod tærer på merg ¬og bein.

23. Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme,med dei vil han rengja retten.

Ordtaka 17