Ordtaka 1:1-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.

2. Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom,så ein skjønar vitug tale

3. og tek imot tukt ¬som gjev framgang,og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom.

4. Dei gjev den urøynde klokskapog ungdomen kunnskap ¬og omtanke.

5. Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom,den vituge lærer ¬å styra sin tanke,

6. så han skjønar ordtak ¬og bilettale,ord av vismenn og ¬gåtene deira.

7. Age for Herren ¬er opphav til kunnskap;dårar vanvørder ¬visdom og tukt.

8. Høyr etter når far din ¬formanar deg, son,og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!

9. For det er ein fager krans ¬om ditt hovud,ei kjede som pryder din hals.

10. Fylg ikkje syndarar, son min,når dei lokkar deg,

11. når dei seier: ¬«Kom og ver med oss!Vi vil liggja på lur og drepa,setja feller for skuldlause ¬utan grunn.

12. Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket,la dei gå heilt til grunnelik dei som går i grav.

13. Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna,fylla våre hus med røva gods.

14. Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette,alle skal vi ¬ha same pengepungen.»

15. Son min, slå ikkje lag ¬med dei,hald foten din borte ¬frå deira stig!

16. Dei spring så lett ¬etter det som er vondt,og er snøgge til å renna ut blod.

17. Det nyttar ikkje ¬å spenna ut nettetså alle fuglane ser det.

18. Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv,dei set feller for seg sjølve.

19. Så går det alle ¬som jagar etter vinning,det tek livet av dei.

Ordtaka 1