9. Difor græt eg med Jaserover vintrea i Sibma.Eg vatnar deg med ¬tårene mine,Hesjbon og El’ale.For over di frukt og di grødelèt fienden krigsropet ljoma.
10. Glede og jubel ¬har kvorve frå hagane.Det er ingen som jublar ¬i vingardane,der lyder ikkje glederop.Ingen trakkar druer ¬i vinpressene,dei glade rop er stilna.
11. Difor bivrar mitt brystsom lyrestrenger for Moab;mitt hjarta bivrar for ¬Kir-Heres.
12. Men når moabittane stig framog trøyttar seg ut ¬på offerhaugen,når dei går til sin heilagdom ¬og bed,så får dei ingen ting.
13. Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab.
14. Men no seier Herren: Om tre år – så som ein leigekar reknar åra – skal det folkerike Moab med all si ære verta vanvørdt. Det som vert att, skal vera ynkeleg lite og kraftlaust.