Jesaja 16:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Send nokre verlam ¬til landsens herre,frå Sela i øydemarkatil Sions fjell og by!

2. Som flaksande fuglar,som fugleungar, ¬skræmde or reiret,skal Moabs døtrer veraved Arnons vadestader.

3. «Gjev oss råd, ¬og finn ein utveg!Lat skuggen din verna ossmidt på dagen ¬som var det natt.Løyn dei bortdrivne,svik ikkje dei som har rømt!

4. Lat dei bortdrivne frå Moabfinna tilhald hjå deg!Ver ei livd for deimot fienden som herjar!»Når hardferda er til endeog herjinga slutt,når dei som trakkar ned ¬for fote,er borte frå landet,

5. då skal ein kongsstol reisast ¬i truskap,og på den skal det ¬i sanning sitjaein domar, i Davids telt,ein som legg vinn på rettferdog med iver gjer det ¬som er rett.

6. Vi har høyrtkor store og stolte ¬moabittane er;kaute er deiog hovne og frekke ¬og store i ord.

7. Difor jamrar moabittane,alle jamrar over Moab.Motlause sukkar deiover mennene i Kir-Hareset.

Jesaja 16