5. Herren, Allhærs Gud,rører jorda så ho skjelv,og alle som bur der, syrgjer,ja, heile jorda stig som Nilenog sig som elva i Egypt.
6. Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet ¬i havetog auser det ut over jorda– Herren er hans namn.
7. Er de, israelittar,meir for meg ¬enn Nubias søner?lyder ordet frå Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistarane frå Kaftorog aramearane frå Kir.
8. Sjå, Herren Gud ¬har augo vendemot det syndige riket:No vil eg rydja folket ¬ut or landet.Men eg vil ikkje heiltgjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren.
9. For sjå, eg gjev påbod,og så rister eg Israels ættmellom alle folkeslaga,som når ein rister ¬korn i såld,og ikkje ein stein fell ¬til jorda.
10. For sverdet skal dei døy,alle syndarane i mitt folk,dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje,ho kjem aldri over oss.»
11. Den dagen ¬reiser eg opp attDavids falne hytte.Eg murar att rivneneog reiser det som ligg ¬i røys;eg byggjer henne ¬som i gamle dagar.
12. Så kan dei ta resten ¬av Edom i eigeog alle dei andre folkeslagasom er nemnde ¬med mitt namn,lyder ordet frå Herren,som fullfører dette.
13. Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,då dei tek til å pløya ¬før skurden er slutt,og trakkar druer ¬til kornet skal såast.Druesafta skal drypa ¬frå fjellog fløyma i alle bakkar.
14. Då vender eg lagnaden ¬for Israel, mitt folk.Nedrivne byar ¬skal dei byggja og bu i;vingardar skal dei planta ¬og sjølve drikka vinen,hagar skal dei stella til ¬og sjølve eta frukta.
15. Eg plantar dei atter ¬i eiga jord;aldri meir skal dei ¬rykkjast opp or sitt land,som eg har gjeve dei,seier Herren din Gud.