Amos 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ingen skal sleppa Guds straff

1. Eg såg Herren stå ¬attmed altaret.Han sa: Slå til søylehovuda,så dørstokkane skjelv,og knus dei,så dei fell i hovudet på dei alle!Resten vil eg drepa med sverd.Ingen av dei skal kunna røma,ingen av dei skal sleppa unna.

2. Om dei bryt seg inn ¬i dødsriket,skal mi hand henta dei der,og fer dei opp til himmelen,skal eg støyta dei ned derifrå.

3. Om dei gøymer seg ¬på Karmels topp,skal eg leita dei opp ¬og henta dei ned,og løyner dei seg for meg ¬på havsens botn,skal eg by ormen bita dei.

4. Om fiendar fører dei ¬i fangenskap,skal eg by sverdet ¬drepa dei der.Eg vil retta augo mot deitil ulukke og ikkje til lukke.

5. Herren, Allhærs Gud,rører jorda så ho skjelv,og alle som bur der, syrgjer,ja, heile jorda stig som Nilenog sig som elva i Egypt.

6. Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet ¬i havetog auser det ut over jorda– Herren er hans namn.

Herren er Gud for alle folk

7. Er de, israelittar,meir for meg ¬enn Nubias søner?lyder ordet frå Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistarane frå Kaftorog aramearane frå Kir.

Straff og reinsing

8. Sjå, Herren Gud ¬har augo vendemot det syndige riket:No vil eg rydja folket ¬ut or landet.Men eg vil ikkje heiltgjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren.

9. For sjå, eg gjev påbod,og så rister eg Israels ættmellom alle folkeslaga,som når ein rister ¬korn i såld,og ikkje ein stein fell ¬til jorda.

10. For sverdet skal dei døy,alle syndarane i mitt folk,dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje,ho kjem aldri over oss.»

Atterreising og sæle tider

11. Den dagen ¬reiser eg opp attDavids falne hytte.Eg murar att rivneneog reiser det som ligg ¬i røys;eg byggjer henne ¬som i gamle dagar.

12. Så kan dei ta resten ¬av Edom i eigeog alle dei andre folkeslagasom er nemnde ¬med mitt namn,lyder ordet frå Herren,som fullfører dette.

13. Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,då dei tek til å pløya ¬før skurden er slutt,og trakkar druer ¬til kornet skal såast.Druesafta skal drypa ¬frå fjellog fløyma i alle bakkar.

14. Då vender eg lagnaden ¬for Israel, mitt folk.Nedrivne byar ¬skal dei byggja og bu i;vingardar skal dei planta ¬og sjølve drikka vinen,hagar skal dei stella til ¬og sjølve eta frukta.

15. Eg plantar dei atter ¬i eiga jord;aldri meir skal dei ¬rykkjast opp or sitt land,som eg har gjeve dei,seier Herren din Gud.