4. Om fiendar fører dei ¬i fangenskap,skal eg by sverdet ¬drepa dei der.Eg vil retta augo mot deitil ulukke og ikkje til lukke.
5. Herren, Allhærs Gud,rører jorda så ho skjelv,og alle som bur der, syrgjer,ja, heile jorda stig som Nilenog sig som elva i Egypt.
6. Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet ¬i havetog auser det ut over jorda– Herren er hans namn.
7. Er de, israelittar,meir for meg ¬enn Nubias søner?lyder ordet frå Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistarane frå Kaftorog aramearane frå Kir.
8. Sjå, Herren Gud ¬har augo vendemot det syndige riket:No vil eg rydja folket ¬ut or landet.Men eg vil ikkje heiltgjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren.
9. For sjå, eg gjev påbod,og så rister eg Israels ættmellom alle folkeslaga,som når ein rister ¬korn i såld,og ikkje ein stein fell ¬til jorda.
10. For sverdet skal dei døy,alle syndarane i mitt folk,dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje,ho kjem aldri over oss.»