3. Mosebok 5:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal pressast ut nedmed altarfoten. Det er eit syndoffer.

10. Av den andre dua skal han laga til eit brennoffer, som føreskrive er. Såleis skal presten gjera soning for han for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.

11. Men har han ikkje råd til to turtelduer eller to dueungar, skal han for den synda han har gjort, ofra ein tiandedels efa kveitemjøl; det er syndofferet hans. Han skal ikkje ha olje på det og ikkje leggja røykjelse oppå. For det er eit syndoffer.

12. Han skal koma til presten med det, og presten skal ta ein neve av mjølet til påminningsoffer og brenna det på altaret saman med Herrens eldoffer. Det er eit syndoffer.

13. Såleis skal presten gjera soning for han for den eine eller den andre synda han har gjort, så han får tilgjeving. Det som er att, skal høyra presten til på same måten som med grødeofferet.

14. Herren tala til Moses og sa:

15. Når nokon av vanvare tileignar seg eitkvart som er vigt til Herren, og såleis gjer seg skuldig i svik, skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av feet, verdsett i sølvsekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Det er skuldofferet hans.

16. Det han med urett har tileigna seg av det heilage, skal han gje vederlag for og leggja til ein femtepart av verdien. Han skal gje det til presten, og presten skal gjera soning for han med skuldofferveren, så han får tilgjeving.

17. Når nokon utan å vita det syndar mot eit av Herrens bod og gjer eitkvart som han ikkje har lov til, og såleis fører skuld over seg og ber på misgjerning,

18. då skal han koma til presten med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer. Og presten skal gjera soning for han for den synda han har gjort av vanvare, utan å vita om det, så han får tilgjeving.

19. Det er eit skuldoffer. Han har synda mot Herren og ført skuld over seg.

20. Herren tala til Moses og sa:

21. Når nokon syndar og ber seg trulaust åt mot Herren, med di han lyg for landsmannen sin om eitkvart han har fått overlate eller tiltrutt, eller om eitkvart han har røva eller teke frå landsmannen sin med vald,

22. eller han har funne noko som ein annan har mist, og så nektar for det, eller han sver falskt om ei eller anna synd som eit menneske kan gjera,

3. Mosebok 5