Men har han ikkje råd til to turtelduer eller to dueungar, skal han for den synda han har gjort, ofra ein tiandedels efa kveitemjøl; det er syndofferet hans. Han skal ikkje ha olje på det og ikkje leggja røykjelse oppå. For det er eit syndoffer.