3. Mosebok 5:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når nokon høyrer einkvan lysa ei forbanning, og han kan vitna, fordi han har sett eller fått vita noko, men likevel ikkje seier frå, då syndar han og fører skuld over seg.

2. Eller når einkvan utan å vita det kjem borti noko ureint, anten det er den daude kroppen av eit ureint villdyr eller av eit ureint husdyr eller av eit ureint kryp, så vert han sjølv urein og fører skuld over seg.

3. Eller når einkvan utan å vita det kjem borti noko ureint hjå menneske, og det er ein ureinskap som kan overførast, og han sidan vert klar over det, då har han ført skuld over seg.

4. Eller når einkvan utan å sansa det sver tankelaust at han vil gjera eit eller anna, vondt eller godt, kva det så kan vera eit menneske sver på i tankeløyse, og han sidan vert klar over det, då har han ført skuld over seg på den eine eller den andre måten.

5. Den som såleis har ført skuld over seg, skal sanna den synda han har gjort,

6. og koma til Herren med eit skuldoffer for synda si. Det skal vera eit hodyr av småfeet, ein sau eller ei geit. Og presten skal gjera soning for han for synda hans.

7. Men har han ikkje råd til ein sau, skal han til skuldoffer for synda si bera fram for Herren to turtelduer eller to dueungar, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer.

8. Han skal koma til presten med dei, og presten skal fyrst bera fram den dua som er til syndoffer. Han skal vri om hovudet på henne tett oppmed nakken, men ikkje riva det av.

9. Så skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal pressast ut nedmed altarfoten. Det er eit syndoffer.

10. Av den andre dua skal han laga til eit brennoffer, som føreskrive er. Såleis skal presten gjera soning for han for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.

11. Men har han ikkje råd til to turtelduer eller to dueungar, skal han for den synda han har gjort, ofra ein tiandedels efa kveitemjøl; det er syndofferet hans. Han skal ikkje ha olje på det og ikkje leggja røykjelse oppå. For det er eit syndoffer.

12. Han skal koma til presten med det, og presten skal ta ein neve av mjølet til påminningsoffer og brenna det på altaret saman med Herrens eldoffer. Det er eit syndoffer.

13. Såleis skal presten gjera soning for han for den eine eller den andre synda han har gjort, så han får tilgjeving. Det som er att, skal høyra presten til på same måten som med grødeofferet.

14. Herren tala til Moses og sa:

3. Mosebok 5