17. Om ikkje Herren var min hjelpar,budde eg snart i det stille landet.
18. Om eg må seia: «Foten min er ustø»,så held di miskunn meg oppe, Herre.
19. Når mitt indre er fullt av urolege tankar,har mi sjel glede av di trøyst.
20. Kan vondskaps trone vera din ven,ho som gjer urett til lov?
21. Dei slår seg saman mot den rettferdigeog dømmer den skuldlause.
22. Men Herren vart mitt vern,min Gud vart fjellet der eg søkjer tilflukt.
23. Han lét uretten deira ramma dei sjølveog gjorde ende på dei i deira vondskap. Herren vår Gud gjorde ende på dei.