1. Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein salme av David.
2. Eg vil takka deg, Herre, av heile mitt hjarte.Eg vil fortelja om alle dine under.
3. Eg vil gleda og fryda meg i deg.Eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste.
4. Når mine fiendar dreg seg attende,snublar dei og går til grunne framfor deg.
5. For du har gjeve meg rett i mi sak,du har sett deg på trona, du rettferdige dommar.
6. Du truga folka og utsletta dei lovlause,du strauk namnet deira ut for evig.
7. Fienden er borte, lagd i ruinar for alltid,byar har du rive opp med rot;minnet om dei er ikkje meir.