Salmane 89:18-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Du er deira styrke og prakt,ved din godvilje får vi kraft.

19. Skjoldet vårt høyrer Herren til,kongen vår høyrer Israels Heilage til.

20. Den gong tala du i eit syn til dine trugne:«Eg set ein helt til å hjelpa,reiser opp ein utvald frå folket.

21. Eg fann David, min tenar,eg salva han med mi heilage olje.

22. Mi hand skal alltid vera hos han,min arm skal gje han styrke.

23. Fienden skal ikkje plaga han,vonde menneske skal ikkje kua han.

24. Eg knuser motstandarar framfor han,dei som hatar han, slår eg ned.

25. Min truskap og mi miskunn skal vera hos han,i mitt namn skal han få kraft.

26. Eg legg havet under hans hand,elvane under hans høgre arm.

27. Han skal ropa til meg: ‘Du er min far,min Gud, mitt berg som frelser meg!’

28. Ja, min førstefødde skal han vera,den høgste mellom kongane på jord.

29. Eg skal alltid gjera godt mot han,mi pakt med han står fast.

30. Hans ætt held eg oppe til evig tid,hans trone så lenge himmelen er til.

31. Dersom sønene hans går bort frå mi lovog ikkje følgjer mine bod,

32. dersom dei vanhelgar mine forskrifterog ikkje held mine påbod,

33. då straffar eg deira brot med stokk,deira synd med slag.

34. Men eg skal ikkje ta mi miskunn frå hanog ikkje svikta min truskap.

Salmane 89